mandag 9. februar 2009

Jul med din glede (og litt glede etter jul)

Jul nummer to er over, og eg er godt nøgd med resultatet. Før jul vart det lada opp med julekalender. Det satte eg stor pris på, men eg hadde større problem med å takla att mamma og pappa og skulle vera med på dette. Eg fekk berre noko tredjekvar dag, og då lå pressangane der berre å frista!

I barehagen går og ting sin vante gang. Eg har blitt beten to gonger i haust, men eg lar meg ikkje vippa av pinnen av litt drakulafakter. Det eg derimot lot meg vippa litt av pinnen av, var nissefesten. Eg stolare rett og slett ikkje på vaksne folk som kler seg i raud morgonkåpe og tar på seg lausskjegg. Dette fekk og vidare konsekvensar, for eg vart litt redd ein liten raud figur på 4x4 cm som var med i Brannboka eg fekk av pappen! Litt juleverkstad har det og vore, og om de stikk innom Tverrgaten, så kan de sjå resultatet av det eg har kalla "skeivt pålimt filt på fyrstikkøskje". Til nesten år skal det koma meir frå den kanten.

Jula skulle i år feirast på hytta på Mjølfjell. Det var kjekt med litt skikkeleg julestemning på fjellet ettersom det var litt lite snø på Voss. Brage skulle og vera med, så leikekamerat var på plass. Jolaftan var feira med mykje god mat og drikke. Steg for steg blir eg litt meir interessert i dette dei kallar pakker. Tusen takk for alle dei fine tinga eg fekk!

I romjula reiste me ned til Voss at og var nokre dagar på Mølster. Der var det julefest med blant anna Markus og Amalie. Alltid kjekt å ha nokon å leika med. På Mølster var det og meir pakkeåpning av dei tinga som ikkje hadde kome med til Mjølfjell. Eg har ikkje noko i mot å få pressangar både her og der! So bar det opp att til Mjølfjell for å feira dagen til mormor. Me hadde oss og ein liten tur på ski, der pappen måtte improvisera litt med skinnpåsen for at eg skulle bli fornøgd på vegen ned att. Eg skal innrømma at eg ikkje var so glad på veg oppover. I det bålet og snopet kom fra, slokna eg. Den feilen skal eg ikkje gjera igjen.

Eg har og vore mykje sjuk i jula. Feber, diare og oppkast har rullert. Eg var til og med til legen, men fekk beskjed om det var ingen fare.

Det var og tid til ein tur på Hagahaugen i jula, og eg begynner å føla meg vel i det våte element. Full gass frå kanten og ut i vatnet gjer nok meg meir bekvem enn mammen og pappen. Dykking under vatten går og som ein leik. Stampen til bestemor og bestefar er og ein stor suksess, så alt ligg til rette for at eg skal bli ein dugande symjar.

Språket utviklar seg stadig, og nye ord kjem til etterkvart. Mat, melk og yoghurt er blant dei mest populære, ellers er eg blitt ganske bevisst på JA! og NEI! Ikkje alltid eg har like god kontroll på kva som er kva, men lyd lagar eg. Dersom de ringjer til meg må de berre slå av ein prat, eg har alltid noko lite å sei.

21. januar var det klart for Brage sin fyrste bursdag. Mamma laga krune til han, og eg var klar for kakeeting. Mykje god mat, og den satte dei fleste nesten i halsen når onkel Bjørn plutseleg bikka under for presset og trylla med tangentane på trekkspelet. Det vart spelt opp til dans, og eg dansa! Dette må me få oppleva fleire ganger!

Eg er no akkurat kome tilbake til Bergen etter ei helg på Voss aleine med pappen. D.v.s. me var på Mølster sammen med bestemor, bestefar og tante Tina. Me hadde og besøke av Markus og Amalie. Fekk og vera ein del med oldemor, og eg storkoste meg. På dette Vossabesøket tok eg meg og ein tur bort for å besøka Sigrid. Det er Kari og Kjartan si nye vetla jente, og me fann fort tonen.

No er det berre å sjå fram mot det neste store som skal skje. Turen til Thailand, New Zealand og Hong Kong. Det blir nok ein prøvelse for oss alle, og me ser fram til å landa på dei ulike destinasjonane. Må forresten nett nevna at me har måtte vaksinera oss før me skal ut på denne turen, og eg trur nesten eg var litt tøffare med spisse i armen enn mammo :)

Då snakkes me att etter at eg er tilbake, om ikkje då pappen klarer å kobla seg til internett frå det andre verdenshjørnet. So long!


Ingen umiddelbar fare for at eg frys ihel


Då var me godt i gang. Pappen prøver å overbevisa meg om at dette er noko av det kjekkaste som finst (det neste blir vel at han skal ta tida på meg)..


Fødselsdagen til Brage. Sjekk den kule dressen og kruna!


Pappa er sjøhest, og eg er kjempefornøgd.


I skvis melleom mamme og pappen.


På tur til Voss (eg sit alltid slik på heile togreisa..)


Besøk av Anne-Cathrine og Anine.


Eg er glad i mat!


Bilete som var aktuelt som jolakort, men som aldri nådde heilt opp. Dei korta som vart jolakort nådde vel heller ikkje heilt fram, så her må ting forbedrast neste år.


På besøk til Sigrid.


Kakefatet ja...det må sjekkast litt nærmare..


Mormor og dei to ungane


Me fekk lov å tjuvstarta litt med ein pakke kvar.


Akebakke på 1 meter vart det einaste eg klarte midt i diare, oppkast og feber.


I stampen med besten!


Kosetur på Mjølfjell. Eg vart sint på veg opp, og slokna i fanget på tante Jorid når me kom fram.


Pressangåpning; de skimtar såvidt anda eg fekk av tankte Jorid og onkel Sondre. Ande seier "gakk gakk" om det er nokon som lurer. Berre spør meg!


På veg rundt juletreet!


Eg og morfar kosar oss på hytta.


Mammo snikfotograferte to sjuklingar på soverommet. Pappen var sleten etter maraton-racet til toalettet på jernbanestasjonen.


Tross forbod i alle retningar, litt fyrverkeri på nyttårsaftan skulle det bli.


Julefest; her med tankte Tina, Markus og Amalie. Me ser på filmen om meg, og då er eg stjerna. Å vera stjerna likar eg godt!


Meg og Markus på Mølster.


Aqua-doodle som eg fekk hjå mamma og pappa. Eg brukar tegnestiftane som drikkeflaske og. Ikkje dumt av meg.


Pappen med alternativ bruk av skinnposen.

Ingen kommentarer: