lørdag 27. oktober 2007

Snart rullar eg rundt.

Då nærmar eg meg tre månader, og utviklinga går fort. Eg blir tyngre og slevar meir, men eg har ikkje fått meir hår. Ikkje heilt som eg hadde tenkt meg..

Eg har vore på besøk til tremenningen min Sunniva. Sjølv om me er nesten like gamle, var eg mykje større. Mammo gjer meg supermelk!

Har og vore på eit par turar. Tur med mammo og tante Jorid til Blåmanen, vandring i Åtledalen med mammo, tante Jorid og mormor. Eg har stort sett vore i sjalet, og der likar eg meg godt. No har faktisk mammo sydd endå ei bæreanordning (meitai). Den skal de få sjå seinare.

Pappen var og ei veke i England. Det var nok litt i lengste laget synes pappen. Det syntes eg og, og som resultat har eg lært meg ei rekke nye skrikelydar. Har og lært meg andre lydar som eg showar med i ny og ne.

Eg og mamma var på barselgruppe. Eg var klar for fest, men det var tydlegvis ikkje resten av gjengen. Eg kikka meg rundt og laga lydar, mens resten berre var slappe som ein pose. Skal bli spennande å sjå kolreis det blir neste gang.

Det neste store som skjer er navnefesten min, og det gler eg meg sjølvsagt mykje til. Til då håpar eg at dei sjølvforsyldte kloremerkene har forsunnet, slik at eg kan vera prinsessa!


Eg og Sunniva. Det var ikkje berre eg som var sint heile tida.


På tur i Åtledalen med mamma, mormor og tante.


Aleinekveld meg pappen!


På tur til Blåmanen meg Bergen i bakgrunnen.


På tur med mamma og tante. Eg kosar meg i sjalet.


Eg og morfar godt plassert framføre fjernsynet.


Her eg eg igjen!


Ingen problem med vakthaldet.


Klikk på bilete og les på skiltet!


På visitt på Mølster.