søndag 9. mars 2008

Would you like a cup of tea?

Yes,yes, eigentleg burde eg skriva heile innlegget mitt på englesk, men sidan det sikkert er folk som les dette som ikkje kan spårket, so let eg vera. Som de veit, har eg akkurat vore i London og godta med nokre dagar.

Turen varte frå torsdag til søndag, og det var ein del nytt for meg! Det mammo og pappen var mest spent på var nok flyturen, men eg forstår ikkje kva problemet var. Altso, me sit no berre inne i boksen, det er ikkje me som flyr, det er flyet. Det forstod eg fort, og beholdt roen under take-off og landing.

I London sjekka me inn på Jacuzzi Suite, og som dei aller skarpaste av dekan forstår, så var det jacuzzi på rommet. Det var kjekt å symja blant boblene. Hotellet hadde og basseng som nesten holdt Hagahaugentemperatur, og der var me kvar dag. Ellers gjekk dagane med på å sjå seg om rundt i London, samt shopping! Eg fekk mange misunnelege blikk frå folk som sleit med vogn, medan eg hang på ryggen. For anledningen i ny sele som var sydd av mammo før turen. Ein Rolls Royce-sele som virkelig er behagelig.

Borte bra som dei seier, men det var godt å koma heim att og. Eg fortsatte den gode trenden eg begynte på i London med å bevega meg langs golvet. De vei, England og teppegolv, teppegolv og krabbing, hånd i hanske! No ligg eg ikkje lenger og sutrar inne i stova om mammo og pappen er på kjøkkenet. Eg stikk hovduet innom eg!

Ellers har eg fått vera meir på besøkt til søskenbarnet mitt Brage. No begynner han og koma ajour med "fødselsdatoen" og om ikkje lenge kan eg bølla meir med han.

No står påsken for tur, og då blir det mykje besøk heim til besterforeldre på Voss. Kanskje eg får brukt dei flotte solbrillene mine i påskesola..


Ingrid på besøk frå Oslo.


Litt frustrasjon på toget etter store forsinkelsar!


Bilete som er brukt i mitt fyrste pass!


På tur over fløyen.


Ein liten pust i bakken før me begynner på turen nedover.


Leik og morro i stova etter endt tur.


Sjå her, eg kan bruka smokken om eg vil!


Min fyrste heimelaga middag (pota, fisk, gulrot og brokkoli).


Min fyrste flytur. Eg har fått utlevert eigen flytevest og sikkerhetssele!


London skyline med meg i framgrunnen frå niande etasje på London Hesperia.


Lunsj på Starbuck i Bicester. Karamell og krem var hakket bedre enn pota og fisk..


Pubbesøk i England. Det er forøvrig ikkje min øl (dessutan er Fosters useless).


På rundtur i Carnaby Street ved Oxford Circus.


Sleten etter ein lang dag i selen.


Brage og meg i tog med tante Guro.


Tante og Brage er barnevakt for meg.


Sleten etter alt husarbeidet..