lørdag 22. november 2008

Haust, vinter og litt sjukabollo

Back in black, I hate to say it, It's been to long I'm glad to be back. Yes I am, let me loose! Eg har ikkje så mykje svart, men eg er vertfall tilbake her på bloggen. Dette fritt etter AC/DC, og musikk har det blitt meir av i det siste. Spesielt då etter at eg fann ut korleis eg skal ta på og av klokkeradioen til pappen. Av,på,av,på,av,på, er eg den fyrste dj'en som "scratchar" med ein klokkeradio.

Vel, ut av introen og inn i kvardagen. Hausten har slått inn og vinteren er på veg. Eg har til og med fått oppleva snø her i Bergen no dei siste dagane. Sidan sist har eg vore i ein del festlege lag. Eg har vore i bursdag til Markus, tante Jorid, onkel Bjørn og til morfar som var heile 60 år! Ikkje verst! Gratulera til dekan alle.

Me har og fått tid til eit par hytteturar. På den eine turen hadde med Andre på besøk, og me var på ein tur over Vesetnuten. Eg var ikkje heilt bli i byrjinga grunna vind og regn, men det var ikkje verre enn kva ein liten sjokoladebete kunne ordna.

Matvariasjonen har og auka. Eg har fortsatt eit par favorittar. Spesielt yoghurt og tomater er godt. Av og til masar eg litt for mykje på yoghurten før eg har ete opp skiva mi, og det fører til at skiva havnar oppi yoghurten. Pappen trudde han lurte meg med dette trikset, men eg let han berre tru det. No stappar eg gjerne skiva oppi heilt sjølv. Under både frukost, lunsj, middag og kvelds bidrar eg no meir og meir med eigen maskin. Av og til med skeia rett veg, andre ganger med skeia opp/ned.

Det har vore mykje snakk med lite action, men endeleg skjedde det. Me stakk til badeland på Vestkanten. Det var kjempekjekt! Eg dukka til og med under for fyrste gang. To ganger vart eg dyppa under, og det var heilt problemfritt. Eg sklei i sklia med både mamma og pappa, samt ag fekk springa fritt rundt og plaska. Etterpå var det pizza på Peppes. Dette må me gjera igjen!

No når vinteren sig på har og behovet for varmare klede kome. Dette har mammo løys ved å aktivt ta i bruk to pinnar og ein tråd. I tillegg til leggvarmarane har det no vorte både gensar og vest. Eg er faktisk litt imponert sjølv. Eg har og fått strikkajakke av bestemor, og gensar av mormor. Eg synes desse tinga er kjempeflotte, og dei vert mykj brukt framover! Eg venter framleis på at håret mitt skal verna meg litt meir, men det kjem, sakte men sikkert. Ellers kan eg nevna at pappen endå ein gang klarte å unngå å sjå at mammo hadde klypt seg...

Som tittelen seier, så har det og vore litt sjukdom. Det begynte med nokre tomme trusslar om diare. Dermed fekk eg beskjed i barnehagen om at eg måtte vera heime. Heime var rapportane at produksjonssystemet mitt fungerte utmerket. Krisemaksimering spør du meg. Eg klarte og å skli i trappa på Bergen Storsenter, og dermed fekk eg livets fyrste Donaldkul. Ein kjapp tur innom legevakten konstanterte at eg såg kvikk ut. Likevel vart det vekking annakvar time den natta. Eg klarte ikkje den enkle testen: 25 * 5 - (23 / 12) * 1,33 (som eg vanlegvis klarer), men status vart satt til ok, så dagen etter var eg tilbake for som vanleg. No dei siste dagane har eg fått litt augnekatar. Etter litt dråpar frå doktoren ordna det seg greit.

No ser eg berre fram til jul og nyttår. Trur at eg er litt meir med på dette med pressangar i år enn eg var ifjor. Eg har likevel ikkje satt opp noko ønskeliste endå.

Well I'm back in the back of a Cadillac, Number one with a bullet, I'm a power pack, Yes, I'm in a bang, With the gang! Hugs å sjekk videoen nedest på sida!


Bursdag hjå Marus. Gutane spring etter meg..


På vandring i Marken.


Skal eg ta eit skift Bjørn?


På tur på Mjølfjell med pappa, Andre, tante Guro, tante Jorid, Brage, Lukas, Kaja og mamma som fotograf.


Samling på hytta på tante Jorid sin bursdag.


Brage og meg i naturen


På hytta hjelper me alle til.


Søndagstur på Nordnes.


Tek meg ein kvil på benken etter den lange spaserturen.


Sjå kor tøff sveis eg har!


Pappen turte ikkje aleine.


Familiesamling i varmebassenget på Vestkanten.


I full gang med puslespelet (eg klarer plassere brikkene!)


"Let's go swimming!"


Fekk med ein liten støyt


Bergen ein vinterkveld på tur med pappen.


mandag 15. september 2008

Ut i verda for meg sjølv

Yo dogs! Meg igjen her. Sommaren er på hell, og det er på tide med ein liten oppsummering frå mine siste sprell. Ja, sprell har det blitt fleir av, det kan eg lova. Eg har lenge ana at dei to "stilkane" som stikk ut nedanfor baken min er til meir enn å slepa etter seg. No blir dei brukt til å frakta meg rundt (om enn noko ustabilt) i stor hastighet. Folk seier det ser ut som eg er full, men det har vore lite Peach Canei her i gården. På drikkefronten er eg fortsatt tungt inne på melkeområdet, men no frå flaske. Det er forøvrig eit av dei orda eg har notert meg. Mek (melk), og mat. Dette kombinert med mamma og pappa, gjer at eg kan skaffa meg det viktigaste.

Ellers har det vore litt Italia-tema i sommar. Eg har lenge sett fram til turen til Civezze i Italia, og det var veldig kjekt. Bading kvar dag, og mykje godt selskap i tantene mine Guro og Jorid, samt mormor, søskenbarnet mitt Brage, og mamma. Min andre utanladstur, og det gjekk bra både i fly og bil. Eg er klar for meir! Me besøkte og Thomas og familien. Thomas og Denise var og på besøk til oss i Bergen, og eg fekk ein kjempeflott strikkekåpe frå Denise!

Det har ikkje berre vore sol og bading. Eg har og vore litt aktiv i Bergensfjella. Saman med mamma og pappa har eg besteget Lyderhorn og Damsgårdsfjellet. Passelege turar for mamma og pappa som seier dei må ha litt innkøyring før dei tar dei store fjella. Eg for min del syntes det var nokså lett. Me var og ein tur opp til Kroni saman med Morten og Astrid. Mykje flotte blåbær, så bleia var ikkje akkurat kvit dagen etter kan du sei..

Sjølvsagt har det og vore nokre turar heim til Voss. Det var veldig kjekt å leike på leikeplassen på Mølster saman med Markus og Amalie. Fekk og forsøkt meg litt på å spele fotball, men det byr på problem når ballen er ca. halvparten så høg som meg sjølv. Dette skal eg nok bli bedre på. Pappen kler meg i Arsenalklede i håp om at det skal bidra..

Eg har og gjennomført mitt fyrste bryllup. Siv og Tom skulle gifta seg i Stavanger, og eg ville vera med. Der fekk eg treffa fleire tremenningar, Jon-Olav, Alexander og Ida Ariella. Eg hadde planlagt ein del leik og morro, men eg sov faktisk igjennom nesten heile feiringa. Den siste dagen var me ut på ein strand og kikka på at Tante-guro surfa på bylgjene, og Onkel-sondre låg og sov på surfebrettet. Eg åt sand, og serverte det samme til mamma med blanda suksess.

Tittelen seier "ut i verda for meg sjølv", og det betyr at eg har begynt å finna på ting utan mamma og pappa. Sjølv om det blir sagt at me hadde kjempeflaks med at eg fekk plass, så er min versjon at det var kamp om meg frå alle barnehagane i Bergen, men Jekteviken vant..Uansett så har det vore veldig kjekt å treffa andre ungar som eg kan aktivisera meg med. Dei som skal "passa på meg" er og kjempekjekke så dette går som ein leik. Mamma og pappa var nesten litt skuffa over at eg ikkje grein når dei gjekk! Fyrstkomande onsdag skal me ha fotograf i barnehagen, så då kan eg kanskje legga ut nokre proffbilete her neste gang.

No skal eg legga frå meg pc'en og rasa rundt litt på golvet før eg legg meg. Takk for no, og med mykje fres i beina kjem eg snart til ei forestilling nær deg!


Tantene min, Brage, mamma og meg på veg til "Rivieraen".


Eg og mamma kosar oss på stranda.


Ein liten tur til Fløyen med mamma og pappa


Tok meg ein kvil på toppen av Lyderhorn.


Litt gåtrening på toppen av Lyderhorn.


Pappen gjer seg ikkje med desse Arsenalgreiene..


Leikene ut, meg inn.


Ingen skal fortelja meg at eg ikkje kan eta is.


Fyrste dag i barnehagen med John, Mona og Solvår. Ellers er det mammo heilt til høgre, men ho går ikkje der til kvardags.


Pappen har vore i England å handla att..


Full fart mot ballen. Mamma og Markus i mål, Amalie i stor klyv bak meg.


Eg er no godt opptrent i sandkasseleiking.


På "minifjelltur" til til Kroni innanfor Afdal. Frå venstre, Lukas, Onkelbjørn, Tanteguro, Brage, Egg, Pappa, Mormor, Tantejorid, Astrid og Morten.


Eg bar mammo opp, ho ber meg ned att.


Bryllupsfeiringa vart litt for hard for meg.


Strandliv på Borestranda.

søndag 3. august 2008

Min fyrste sommarferie

Hei, då er eg tilbake! Som for dei fleste på denne tida, er det og ferie for meg, difor litt slapt med oppdatering. Eg har gjennomført min fyrste sommarferie, og det likar eg. I fjor på denne tida var eg opptatt med å bli født.

Sommaren starta på Voss med Ekstremsportveko. På kveldane hadde mamma og pappa det mykje morro, men då låg eg i bingen. På dagen derimot kunne eg delta noko meir. Eg såg f.eks. på rafting. Der vart eg lånt bort nokre minutt til ei mor som savna den vetle guten sin. Av og til må ein berre stilla opp i nøden. Eg såg og på kajakk i Strandaelva i nydeleg sommarver frå selen til pappen.

Det er alltid flott å koma til Voss, men i sommar har eg fått augene opp for "Voss beach". Nede på Grandane blir det stårlande når vattenet har fått litt temperatur og sola skin. Då kan eg liggja der og bruna meg. Det skal ein del til å trengja igjennom solfaktor 50 (tenk det er dobbelt så mykje som det pappen brukar!). Eg hadde ein fin dag med besøk frå Volda av Stein-Helge, Trygve og Karen Mathea. Det har og vore andre slektningar innom. Hjå bestemor og bestefar har eg fått besøk av Sunniva, og eg har bada i stampen med Amalie.

Musikalske innslag har det også vore. Tante Tina kjøpte med tromma frå Tyrkia. Eg trur den ligg att på Voss, så eg har ikkje fått øvd meg så mykje endå. Det kan vera greit med litt variasjon frå "Sound of music" på speledåsen min.

Eg gleda meg sjølvsagt stort til 1-årsdagen min. Den skulle eg feira på Mjølfjell. Me reista opp nokre dagar i forvegen for å forbereda alt. Flotte dagar med soling, bading og god mat. Avslapping i Raundalselva er ikkje å forakta. På sjølve dagen fekk eg besøk av bestemor, bestefar, tante Tina og oldemor. Frå før var mamma, pappa, mormor, morfar, søskenbarn Brage, tante Guro, onkel Bjørn og tante Jorid på plass. Lukas og Kaja var og med på morroa. Det vart laga kjempegod ostekake med mykje bær på til meg. Det vart fort ein favoritt. Ellers vil eg på ny sei tusen takk for alle dei flotte pressangane!

Dagen etter vart det ein liten fjelltur til Vollabotnen. Etter litt hard stigning i starten, og to myggstikk i hovudet rikare kom me oss opp. Der tok eg meg ein skikkeleg frilufsstrekk. Det fungerte ypparleg, noko som beviser at eg er klar for fjellet for framtida.

Heime i Bergen går mykje av tida med på å læra meg å gå. Eg har allerede tatt fleire skritt (15 er rekorden), men har litt att for å få dette stabilt. Men, det er ikkje lenge til at eg no kan "banka på ei dør nær deg". Untill next time, "bøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøee!!"


Sunniva og meg i kamp om kjøkkenutstyret.


Meg og gjengen i Strandaelva under Ekstremsportveko.


Hjelper til litt med oppvasken (tett sluk trur eg).


Bading på "Voss beach".


Dette vart både feil bilete og opp ned, men nett no gidd eg ikkje legga inn riktig..


You can dance, you can jive, having the time of your life See that girl, watch that scene, dig in the dancing queen..


Nytt basseng, ny ball, ny badering, eg er klar!


Soling på berget ved elva på Mjølfjell.


Eg måtte inn som byggjeleira i eit lite vegprosjekt.


Dritmorsomt å ta bilde av folk når dei søv då...


Meg, 1-åring! Tante har laga flott kruna.


Er ikkje heilt meg på desse pakkene endå, men berre vent..


Kaka til meg, og eg er sooo stor.


Eg og Mr. Power nap .Brage gave seg etter 5 minuttar uti festen og kom att 5 minuttar før slutt.

Eg og naturen i skjønn harmoni.

onsdag 4. juni 2008

Boll i solhatt!

Då var det på tide med ein litan update att. Vårsola gjorde meg litt slapp i mai, så eg gadd rett og slett ikkje sitja inne og knotta på pc'en (berre pappen som gidd det). Eg må sei eg stortrivest om dagen i det flotte været!

Med alt det flotte været har og min bevegelsesfrihet auka betrakteleg. Eg har vore innom fleire parkar i byen, og det er herleg å krabba rundt på graset. Krabbinga går som ein leik om dagen, så eg kjem meg bort der eg vil (også til dvd-samlinga til mammo og pappen). Eg har ete skjell, løvetann og gras.

Kanskje den kjekkaste nyheiten er at eg har lært meg triks. Det virkar vertfall som alle andre synes det er kjekt. Trur at eg på ein dag har blitt spurd over hundre ganger kva sauen seier.. Andre ting eg kan er å fortjela kva grisen seier, og kva spøkelse seier. På det reint motoriske kan eg og visa kor stor eg er! Mamma og pappa forsøker å læra meg å sei "mamma" og "pappa" på kommando, men eg ventar litt med den.

Litt fleire tenner har det og blirr (eg er no oppe i sju), og det gjer at eg kan utvida den kulinariske horisonten. Vel, kulinarisk, og kulinarisk, vatten og brød har foreldra mine gove meg, hurra...Vel, ikkje berre det, eg er og introdusert for is...mmmm..is....mmmm...is..... Ja, kor var eg, jau is ja, og med introduskjon av is, har og lært meg å brela meg til ting!

17.mai vart og feira med meg for fyrste gang. Samling av besteforeldre, tanter og onklar her i Speidarhuset var koseleg. På kvelden var eg litt sleten sidan eg hadde måtte snakka med pressa heile dagen. Det var greit nok at dei fekk litt av mi tid sidan eg fekk fyrstesida dagen etter. Thorstein Helstad var henvist til hjørnet. Han traff eg forøvreg att nokre veker seinare på butikken og slo av ein prat om kor mange tenner eg hadde etc. Fett nok!

Då var det nok for denne gang. Graut og skjønnhetssøvn next!


Midtpunktet for underhaldinga i Nygårdsparken!


Ny kost er brød og vatten.


Leik med balle på terassen heime hjå mormor og morfar.


Badenymfene på Mølster.


Alle er jo så store..


Dans, dans, dans rundt bordet.


Tur på Fløien med tante Tina, mamma og pappa.


Når Bragen søv stjel eg smokken (har ikkje heilt taket på det)


Familien klar for 17.mai-feiring.


Eg og tante forsøker å få med oss litt av toget.


Tant Jorid og meg på Silver for ein liten kvil i 17.mai-kaoset.


Beste 17. mai-(ba)by


Sjå kor stor eg er! Den "nye" terassen er ikkje så stor..


Kos med grilling i bakhagen til tante-Guro og onkel-Bjørn.


Badesesongen er i gang (det er lov å sola seg pappa..)