søndag 18. november 2007

Eg er no "offisielt" Synva!

Hei, det er meg igjen! Det siste store som har hendt meg er sjølvsagt namnefesten min. Eg hadde ein kjempeflott dag hjå bestemor og bestefar på Mølster. Me var 12. stk som feira dagen med mykje god mat og drikke. Tusen takk til alle som hjalp til med å få denne dagen på plass! No føler eg meg endå "meir" som Synva. Godt å få det på plass etter avisa Hordland sin bommert når eg vart født.

Forrige gang eg skreiv, var eg nesten på veg til å rulla rundt. No klarer eg det dersom eg får ein aldri så liten nedoverbakke. Eg likar godt å bevega meg, og å ligga under bordet i stova er kjempekjekt. Der har eg full bevegelsesfrihet og kan showa ein heil del. Eg har og fått forsøkt litt andre ting enn mjølka frå mor. Appelsin, mandarin, lakris, bringebærsyltetøy og tran.

Eg har og vore på biltur frå Voss til Bergen att. Denne gang med mamma, pappa og bestemor. Eg sov heilt fram til Åsane. Der var det stor kø, og tolmodigheten min tok slutt. Då måtte eg faktisk ut av stolen og opp for å få mat medan bilen køyrde. Kanskje berre i 5 km/t, men det var ganske craaaaazey!

Når det kjem til reinhald har eg og forsøkt nye ting. Når det blir bale å fylla i stampen vert eg til tider tatt med inn i dusjen. Det er slett ikkje gale, og eg spriker med både fingrar og tær i strålen.

I denne utgåva av bloggen har eg og ein liten overraskelse. Eg har laga til ein liten video som de finn nederst under desse bileta.


Meg, mormor og tantene mine.


Eg er ikkje so skremt som eg ser ut.


Morfar og bestefar i oppstilling.


Guttaboys på plass i stasen.


Meg, mamma og og pappa på plass ved endn av bordet.


Sjå kor fint eg kan smila!


Neste Bill Gates.


Bestemor, meg og oldmor på namnefesten.


Ikkje fingen, ikkje fingen!


Eg kan lage trutmunn..


Soving i den gode saueskinnsposen.


Krabbetrening.


Snart kjem eg meg opp i sofaen ved eige maskin.


Bestefar på plass for å ta meg på trilletur.


Likar meg godt under bordet om dagen.


Kveldstur med mamma og pappa på Fløyen.


Prøver du deg eller?!


Av og til, sit eg her og les..


Skulle eigentleg rana ein bank, men sovna frå oppdraget...

lørdag 27. oktober 2007

Snart rullar eg rundt.

Då nærmar eg meg tre månader, og utviklinga går fort. Eg blir tyngre og slevar meir, men eg har ikkje fått meir hår. Ikkje heilt som eg hadde tenkt meg..

Eg har vore på besøk til tremenningen min Sunniva. Sjølv om me er nesten like gamle, var eg mykje større. Mammo gjer meg supermelk!

Har og vore på eit par turar. Tur med mammo og tante Jorid til Blåmanen, vandring i Åtledalen med mammo, tante Jorid og mormor. Eg har stort sett vore i sjalet, og der likar eg meg godt. No har faktisk mammo sydd endå ei bæreanordning (meitai). Den skal de få sjå seinare.

Pappen var og ei veke i England. Det var nok litt i lengste laget synes pappen. Det syntes eg og, og som resultat har eg lært meg ei rekke nye skrikelydar. Har og lært meg andre lydar som eg showar med i ny og ne.

Eg og mamma var på barselgruppe. Eg var klar for fest, men det var tydlegvis ikkje resten av gjengen. Eg kikka meg rundt og laga lydar, mens resten berre var slappe som ein pose. Skal bli spennande å sjå kolreis det blir neste gang.

Det neste store som skjer er navnefesten min, og det gler eg meg sjølvsagt mykje til. Til då håpar eg at dei sjølvforsyldte kloremerkene har forsunnet, slik at eg kan vera prinsessa!


Eg og Sunniva. Det var ikkje berre eg som var sint heile tida.


På tur i Åtledalen med mamma, mormor og tante.


Aleinekveld meg pappen!


På tur til Blåmanen meg Bergen i bakgrunnen.


På tur med mamma og tante. Eg kosar meg i sjalet.


Eg og morfar godt plassert framføre fjernsynet.


Her eg eg igjen!


Ingen problem med vakthaldet.


Klikk på bilete og les på skiltet!


På visitt på Mølster.

mandag 24. september 2007

Hovud, armar, fingra, fingra, armar, bein!

Hei folkens! No har verdspressa klaga so mykje at eg fann ut det var på tide med ein oppdatering. Som tittelen tilseier har no begynt å bli ganske interessert i det eg kan bevega på, så eg driv ein del med det. Eg har vore kontroll på helsestasjonen, og der var alt bra. Eg vog då 5,4 kg! Vore på min fyrste fjelltur har eg og. Mamma og pappa tok meg med opp på Fløyen. Det gjekk flott opp, men eg grein heile vegen ned att. Det regna mykje og lyddemparen var på, så ingen klager.

Har og hatt eit par turer til Voss, og eg storttrives hjå besteforeldra mine! Har vore passa utan mamma og pappaa fleire ganger, og om eg skal sei det sjølv har eg vore eksemplarisk!

I Bergen har det vore hektisk med vannlekasje og planlegging av ny peis. Eg må nok bidra med mitt dei neste vekene. Snakkast!


No har eg virkelig begynt å finna ut av anskiktsuttrykk.


Kva er no dette lyset i ansiktet mitt støtt og stadig?



Three-One, we beat the scum three-one!!


Fyrste flaske med melk ned på høgkant, og i ettertid har det....ja, berre blitt med den.


Godt vart, det, men ikkje på høgde med supermammo!


Mammo på Fløyed med meg i bagen.


Pappen klarte dei bratte bakkane og. Eg var ikkje litt sleten ein gang.


Slik ja, gje meg plass!


Krabbetrening.


Full aktivitet på magen til pappen.


No er det berre so kjekt å leika med nevane mine.


torsdag 30. august 2007

Einmånadsdag!

Då var eg blitt ein heil månad gammal. At eg skulle byrja mista håret etter allerede ein månad var eg ikkje klar over, men dette har altså skjedd. Eg har no fin krans utan mykje frampå tuppen! Ellers har me vore på vår fyrste reis til Voss. Det gjekk heilt flott utan noko som helst scena korkje den eine eller andre vegen. Mammo har og bestilt Afrikasjerf. Då kan eg veksla mellom å henga på magen, eller å ligga i vogna.


Ingen problem å lyfta hovudet!


Ranveig på besøk, og me storkosar oss!


Ligg og dagdrøymer litt i den fine kjolen eg fekk hjå Silje og Bård.


Pappen har tjuvfotografert under middagskvilen.


Fly me to the moon..


Tømmestasjon på Mølster.


You talkin' to me??!?


Eg og tante-Jorid i fin vogg i Skulestadmoen.

torsdag 16. august 2007

To veker og still going strong

Hei igjen! I dag har eg blitt 2 veker og 3 dagar gammal. Har vore ei litt turbulent natt blir det sagt, men dette merkar eg ikkje noko særleg til. Ellers har eg forsøkt meg med smokk, men det var ikkje det heilt store ved fyrste forsøk. Eg har og vore på restaurant, sjølv om det vart meir lyd enn mat for min del. I dag er det og badedag, og eg skal forsøka meg med vatten på hovudet for fyrste gang!


Familieselskap i leiligheta til bestemor i Bergen.


Pappen har meg med på trilletur i den tøffe vogna mi.


Casting som "Yoda" i Star Wars.


Avslapping på mor si skulder I.


Avslapping på mor si skulder II.


God og fornøyd etter siste måltid (litt slev høyrer då sjølvsagt med).


Har ein fin tendens til å våkna kvar gong det er mat, og då må eg sjølvsagt få vera med der det skjer!


Utprøving av hengekøya.


Ei kvilestund mellom dei harde øktene på datamaskina.


Mitt fyrste forsøk med smokken. Var litt skeptisk.