mandag 15. september 2008

Ut i verda for meg sjølv

Yo dogs! Meg igjen her. Sommaren er på hell, og det er på tide med ein liten oppsummering frå mine siste sprell. Ja, sprell har det blitt fleir av, det kan eg lova. Eg har lenge ana at dei to "stilkane" som stikk ut nedanfor baken min er til meir enn å slepa etter seg. No blir dei brukt til å frakta meg rundt (om enn noko ustabilt) i stor hastighet. Folk seier det ser ut som eg er full, men det har vore lite Peach Canei her i gården. På drikkefronten er eg fortsatt tungt inne på melkeområdet, men no frå flaske. Det er forøvrig eit av dei orda eg har notert meg. Mek (melk), og mat. Dette kombinert med mamma og pappa, gjer at eg kan skaffa meg det viktigaste.

Ellers har det vore litt Italia-tema i sommar. Eg har lenge sett fram til turen til Civezze i Italia, og det var veldig kjekt. Bading kvar dag, og mykje godt selskap i tantene mine Guro og Jorid, samt mormor, søskenbarnet mitt Brage, og mamma. Min andre utanladstur, og det gjekk bra både i fly og bil. Eg er klar for meir! Me besøkte og Thomas og familien. Thomas og Denise var og på besøk til oss i Bergen, og eg fekk ein kjempeflott strikkekåpe frå Denise!

Det har ikkje berre vore sol og bading. Eg har og vore litt aktiv i Bergensfjella. Saman med mamma og pappa har eg besteget Lyderhorn og Damsgårdsfjellet. Passelege turar for mamma og pappa som seier dei må ha litt innkøyring før dei tar dei store fjella. Eg for min del syntes det var nokså lett. Me var og ein tur opp til Kroni saman med Morten og Astrid. Mykje flotte blåbær, så bleia var ikkje akkurat kvit dagen etter kan du sei..

Sjølvsagt har det og vore nokre turar heim til Voss. Det var veldig kjekt å leike på leikeplassen på Mølster saman med Markus og Amalie. Fekk og forsøkt meg litt på å spele fotball, men det byr på problem når ballen er ca. halvparten så høg som meg sjølv. Dette skal eg nok bli bedre på. Pappen kler meg i Arsenalklede i håp om at det skal bidra..

Eg har og gjennomført mitt fyrste bryllup. Siv og Tom skulle gifta seg i Stavanger, og eg ville vera med. Der fekk eg treffa fleire tremenningar, Jon-Olav, Alexander og Ida Ariella. Eg hadde planlagt ein del leik og morro, men eg sov faktisk igjennom nesten heile feiringa. Den siste dagen var me ut på ein strand og kikka på at Tante-guro surfa på bylgjene, og Onkel-sondre låg og sov på surfebrettet. Eg åt sand, og serverte det samme til mamma med blanda suksess.

Tittelen seier "ut i verda for meg sjølv", og det betyr at eg har begynt å finna på ting utan mamma og pappa. Sjølv om det blir sagt at me hadde kjempeflaks med at eg fekk plass, så er min versjon at det var kamp om meg frå alle barnehagane i Bergen, men Jekteviken vant..Uansett så har det vore veldig kjekt å treffa andre ungar som eg kan aktivisera meg med. Dei som skal "passa på meg" er og kjempekjekke så dette går som ein leik. Mamma og pappa var nesten litt skuffa over at eg ikkje grein når dei gjekk! Fyrstkomande onsdag skal me ha fotograf i barnehagen, så då kan eg kanskje legga ut nokre proffbilete her neste gang.

No skal eg legga frå meg pc'en og rasa rundt litt på golvet før eg legg meg. Takk for no, og med mykje fres i beina kjem eg snart til ei forestilling nær deg!


Tantene min, Brage, mamma og meg på veg til "Rivieraen".


Eg og mamma kosar oss på stranda.


Ein liten tur til Fløyen med mamma og pappa


Tok meg ein kvil på toppen av Lyderhorn.


Litt gåtrening på toppen av Lyderhorn.


Pappen gjer seg ikkje med desse Arsenalgreiene..


Leikene ut, meg inn.


Ingen skal fortelja meg at eg ikkje kan eta is.


Fyrste dag i barnehagen med John, Mona og Solvår. Ellers er det mammo heilt til høgre, men ho går ikkje der til kvardags.


Pappen har vore i England å handla att..


Full fart mot ballen. Mamma og Markus i mål, Amalie i stor klyv bak meg.


Eg er no godt opptrent i sandkasseleiking.


På "minifjelltur" til til Kroni innanfor Afdal. Frå venstre, Lukas, Onkelbjørn, Tanteguro, Brage, Egg, Pappa, Mormor, Tantejorid, Astrid og Morten.


Eg bar mammo opp, ho ber meg ned att.


Bryllupsfeiringa vart litt for hard for meg.


Strandliv på Borestranda.