mandag 9. mars 2009

Ut i verda

Hei hei folkens!

Det er meg igjen, og denne gongen frå andre sida av kloden. Ingen tvil om at eg har begynt å bli verdensvant no. Me har endeleg komen fram til New Zealand etter litt om og men. Det starta fint med ein enkel strekning frå Bergen til Oslo. På Gardemoen vart det litt smårot i innsjekkingen, men det skal me prisa oss lykkelige for.

Vel framme i London starta dei virkelige problema. I det pappen skulle sjekka oss vidare frå London til Bangkok fekk me beskjed om at pappen sitt pass ikkje var godt nok i Thailand. Det måtte vera gyldig i 6 månader. Når eg klarer ha skikkeleg pass, då burde pappen og klara det! Quantas (flyselskapet) sendte oss tilbake til British Airways med melding om at me ikkje kom til å få fly med dei. Pappen holdt på å svima av, men me tok toget tilbake til terminalen der British Airways haldt til. So tilbake til dette med flaks i Oslo. Det var slik at denne feilen burde blitt oppdaga i Oslo, og me aldri skulle vore sjekka inn til London (og bagasjen til Bangkok), dermed tok British Airways ansvaret for dette. Og eg må sei, makan til kundeservice som British Airways viste her har eg ikkje sett maken til. Ikkje mammen og pappen heller. Dei ordna med gratis billettar neste dag til Bangkok, samt overnatting på hotell med middag og frukost. Stemninga steig frå -10 til +10!

Det var altså duka for ein ekstra dag i London, og den benytta me til å sjå oss rundt i London Zoo. Ei kjekk oppleving i strålande Londonsol med 15 grader.

Det store spørsmåla har lenge vore de lange flyturane. London - Bangkok var den store testen, og eg har no heile tida sagt at eg ikkje syt for ingenting, så dette gjekk veldig bra. Mammen og pappen var imponert over tolmodigheita mi. Dei treng ikkje tru dette gjeld sjokloade, yoghurt og snop, det gjeld berre fly!

Frå Bangkok bar det sørover til Cha-Am i taxi. Ikkje den heilt store sikkerheita med 140 km/t på motorvegen utan sikkerhetsbelte (berre sjåføren som hadde), men av og til likar eg å leve litt farleg. Hotellet var eit 5-stjernes luksushotell, og det var fleire ansatte enn gjestar. Det var noko spesielt kan du sei, men det førte berre til at eg vart den store stjerna på hotellet, og det har eg aldri hatt noko imot. Kjempeflotte basseng var det og, så mykje plasking var på agendaen.

Neste etappe var frå Thailand til Auckland via Sydney. Ingen problem på denne flyturen heller, og her fekk eg tildelt sete med seng på veggen. Eg brukte det helst som leikegrind, og sov heller oppå mammo. På denne turen hadde eg min lengste seanse med grining, som varte ca. 3 min. Dette var på grunn av at eg ikkje fekk nok av isen som pappen hadde fått utdelt. Ein må gje beskjed om ein vil ha noko, slik er det berre!

I Auckland vart me henta av George (vertsbroren til Ingegjerd), og ferieeventyret på New Zealand kunne starta. Me har truffe mange kjekke folk her, og eg føler at eg har glidd godt inn i gjengen so langt. Har allereie truffe Molly, som er den 4 mnd. gamle jenta til Joanna og Jeremy (det er dei som skal gifta seg).

Vel, no skal eg ut på ein tur der eg skal bada på to forskjellige plassar, so eg gidd ikkje sitja her lenger. Snakkes alle sammen!



Mammog og meg på flyturen frå London til Bangkok. Nett våkna!


På plass i London Zoo.


Eg og pappen gjer "gangster-teikn" etter at me plutseleg havna i London ei ekstra natt.


Like før avreise på Flesland.


Klar til avgang. Ventar på flybussen og ser fram til å reise frå dette været.


Kath, Molly og meg på terassen til Jo og Jeremy.


Samling i hagen og oppsummering etter gårsdagens "hens party". Eg var på pub med gutane og såg boksekamp!


Det ikkje heilt-so-gale bassenget i Thailand.


Skal ikkje klaga på idyllen som møtte oss i Thailand!