søndag 3. august 2008

Min fyrste sommarferie

Hei, då er eg tilbake! Som for dei fleste på denne tida, er det og ferie for meg, difor litt slapt med oppdatering. Eg har gjennomført min fyrste sommarferie, og det likar eg. I fjor på denne tida var eg opptatt med å bli født.

Sommaren starta på Voss med Ekstremsportveko. På kveldane hadde mamma og pappa det mykje morro, men då låg eg i bingen. På dagen derimot kunne eg delta noko meir. Eg såg f.eks. på rafting. Der vart eg lånt bort nokre minutt til ei mor som savna den vetle guten sin. Av og til må ein berre stilla opp i nøden. Eg såg og på kajakk i Strandaelva i nydeleg sommarver frå selen til pappen.

Det er alltid flott å koma til Voss, men i sommar har eg fått augene opp for "Voss beach". Nede på Grandane blir det stårlande når vattenet har fått litt temperatur og sola skin. Då kan eg liggja der og bruna meg. Det skal ein del til å trengja igjennom solfaktor 50 (tenk det er dobbelt så mykje som det pappen brukar!). Eg hadde ein fin dag med besøk frå Volda av Stein-Helge, Trygve og Karen Mathea. Det har og vore andre slektningar innom. Hjå bestemor og bestefar har eg fått besøk av Sunniva, og eg har bada i stampen med Amalie.

Musikalske innslag har det også vore. Tante Tina kjøpte med tromma frå Tyrkia. Eg trur den ligg att på Voss, så eg har ikkje fått øvd meg så mykje endå. Det kan vera greit med litt variasjon frå "Sound of music" på speledåsen min.

Eg gleda meg sjølvsagt stort til 1-årsdagen min. Den skulle eg feira på Mjølfjell. Me reista opp nokre dagar i forvegen for å forbereda alt. Flotte dagar med soling, bading og god mat. Avslapping i Raundalselva er ikkje å forakta. På sjølve dagen fekk eg besøk av bestemor, bestefar, tante Tina og oldemor. Frå før var mamma, pappa, mormor, morfar, søskenbarn Brage, tante Guro, onkel Bjørn og tante Jorid på plass. Lukas og Kaja var og med på morroa. Det vart laga kjempegod ostekake med mykje bær på til meg. Det vart fort ein favoritt. Ellers vil eg på ny sei tusen takk for alle dei flotte pressangane!

Dagen etter vart det ein liten fjelltur til Vollabotnen. Etter litt hard stigning i starten, og to myggstikk i hovudet rikare kom me oss opp. Der tok eg meg ein skikkeleg frilufsstrekk. Det fungerte ypparleg, noko som beviser at eg er klar for fjellet for framtida.

Heime i Bergen går mykje av tida med på å læra meg å gå. Eg har allerede tatt fleire skritt (15 er rekorden), men har litt att for å få dette stabilt. Men, det er ikkje lenge til at eg no kan "banka på ei dør nær deg". Untill next time, "bøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøøee!!"


Sunniva og meg i kamp om kjøkkenutstyret.


Meg og gjengen i Strandaelva under Ekstremsportveko.


Hjelper til litt med oppvasken (tett sluk trur eg).


Bading på "Voss beach".


Dette vart både feil bilete og opp ned, men nett no gidd eg ikkje legga inn riktig..


You can dance, you can jive, having the time of your life See that girl, watch that scene, dig in the dancing queen..


Nytt basseng, ny ball, ny badering, eg er klar!


Soling på berget ved elva på Mjølfjell.


Eg måtte inn som byggjeleira i eit lite vegprosjekt.


Dritmorsomt å ta bilde av folk når dei søv då...


Meg, 1-åring! Tante har laga flott kruna.


Er ikkje heilt meg på desse pakkene endå, men berre vent..


Kaka til meg, og eg er sooo stor.


Eg og Mr. Power nap .Brage gave seg etter 5 minuttar uti festen og kom att 5 minuttar før slutt.

Eg og naturen i skjønn harmoni.