søndag 20. april 2008

Klar for våren

Då er eg på veg inn i min fyrste vår utanfor mor sin mage. Det skal bli herleg å sleppa å drukna i mine eigne klede framover. Det går fort framover om dagen på fleire måtar. Krabbinga har begynt å gå greit, og eg kjem meg stort sett rundt der eg vil. Leikene vart plutseleg ikkje lenger like interessante når dei skal konkurrerer med stikkontaktar, fjernkontrollar og dvdar. "Nei", er eit ord eg høyrer mykje, men som eg ikkje forstår. Eg reiser meg og opp så lenge eg har noko å lena meg inntil, og kan bevega meg rundt bordet, og frå bord til sofa.

I påsken var eg både på Voss og på Mjølfjell. Det var litt tidleg for at eg kunne gå på ski sjølv, men eg var likevel med på fleire skiturar. Det var litt tungt å ha mammo og pappen hengande på magen til tider, men stort sett gjekk det bra.

Det var og ein trist hedelse denne påsken. Oldemor gjekk dessverre bort fyrste påskedag. Ho fekk heldigivs mange gode år og eg er veldig glad for å ha fått ei tid saman med ho.

På matfronten er eg blitt meir og meir allsidig. Nye tenner har gjort at eg kan handtera dei fleste utfordringar på det området. Men, graut til morgon og kveld er likevel favoritten. Mamma og pappa er og veldig fornøyd med dei nye søvnrutinane mine. No blir eg lagt halv åtte, og då held eg meg i ro til mellom seks og halv åtte på morgonen. Så styrer eg på eit par timar, før eg tar meg eit par timar på puta att.

Me var og på Voss for eit par veker sidan, og endeleg fekk eg forsøkt den mykje omtala stampen heime hjå bestemor og bestefar. Full fres og nærmare 40 grader gjorde at eg kom i sydenstemning. Eine dagen med bestefar og pappen, og andre dagen med mammo. Eg er klar for meir! Pappen meinte og at eg satt ny rekord i bleieinnhald denne turen. Litt spredt ut frå hæl til nakke, eller ca. 40 cm var ein god dag på jobben.

Då er eg klar for ein tur ut å nyta det fine været i Bergen, snakkes!


Sovna i "hjelpemiddelsentralen"


Nyter dagen i solveggen med mine feite solbriller


På skitur med mamma, tanta Guro og Lukas


"Søskenbarngjengen" på skitur. Nei, det er ikkje endå eit søskenbarn på gang, men Brage som ligg godt innpakka.


Av og til er eg ganske glad!


Pappen har kome til Mjølfjell, og eg er ute for å helsa på.


På skitur innover Rjonadalen.


Mango er godt, og eg er med heile ansiktet!


Slektstreff hjå bestemor og bestefar. Her er det eg, mammog og Lin som er i fokus.


Brede i full gang med å aktivisera "gjengen the band".


Stilt opp på rekke. Som de ser tar eg ein siste oversikt over situasjonen.


Eg forsøker å lære Sunniva dei sjarmerande boblelydane min.


På veg ut! Pappen har slurva litt med ranarhuo.


Eg har blitt flink å lesa i bok. Klarer til og med å lesa den opp-ned til tider.


Jaja, her har eg reist meg opp, og som de ser er ikkje eg ein tanke nervøs.......


Meg og pappen på toppen av Fløyen.


På veg ned att med Fløybanen.


Pappen tok meg med på ein guida tur rundt Danmaksplass og Puddefjorden. Trur han har gått tom for spaserruter i sentrum no...