søndag 18. november 2007

Eg er no "offisielt" Synva!

Hei, det er meg igjen! Det siste store som har hendt meg er sjølvsagt namnefesten min. Eg hadde ein kjempeflott dag hjå bestemor og bestefar på Mølster. Me var 12. stk som feira dagen med mykje god mat og drikke. Tusen takk til alle som hjalp til med å få denne dagen på plass! No føler eg meg endå "meir" som Synva. Godt å få det på plass etter avisa Hordland sin bommert når eg vart født.

Forrige gang eg skreiv, var eg nesten på veg til å rulla rundt. No klarer eg det dersom eg får ein aldri så liten nedoverbakke. Eg likar godt å bevega meg, og å ligga under bordet i stova er kjempekjekt. Der har eg full bevegelsesfrihet og kan showa ein heil del. Eg har og fått forsøkt litt andre ting enn mjølka frå mor. Appelsin, mandarin, lakris, bringebærsyltetøy og tran.

Eg har og vore på biltur frå Voss til Bergen att. Denne gang med mamma, pappa og bestemor. Eg sov heilt fram til Åsane. Der var det stor kø, og tolmodigheten min tok slutt. Då måtte eg faktisk ut av stolen og opp for å få mat medan bilen køyrde. Kanskje berre i 5 km/t, men det var ganske craaaaazey!

Når det kjem til reinhald har eg og forsøkt nye ting. Når det blir bale å fylla i stampen vert eg til tider tatt med inn i dusjen. Det er slett ikkje gale, og eg spriker med både fingrar og tær i strålen.

I denne utgåva av bloggen har eg og ein liten overraskelse. Eg har laga til ein liten video som de finn nederst under desse bileta.


Meg, mormor og tantene mine.


Eg er ikkje so skremt som eg ser ut.


Morfar og bestefar i oppstilling.


Guttaboys på plass i stasen.


Meg, mamma og og pappa på plass ved endn av bordet.


Sjå kor fint eg kan smila!


Neste Bill Gates.


Bestemor, meg og oldmor på namnefesten.


Ikkje fingen, ikkje fingen!


Eg kan lage trutmunn..


Soving i den gode saueskinnsposen.


Krabbetrening.


Snart kjem eg meg opp i sofaen ved eige maskin.


Bestefar på plass for å ta meg på trilletur.


Likar meg godt under bordet om dagen.


Kveldstur med mamma og pappa på Fløyen.


Prøver du deg eller?!


Av og til, sit eg her og les..


Skulle eigentleg rana ein bank, men sovna frå oppdraget...