onsdag 30. januar 2008

Eg, "egg", 6 mnd.

Hey hey!

I dag når eg skriv dette har eg vore på jorda i 6 månader. So langt ser det ut som ein heilt grei planet å bli født på.

Fyrst må eg nevna at eg no har fått meg ein søskenbarn. Gratulera tante Guro og onkel Bjørn! Eg har allerede vore på besøk, men legane råda meg til å ikkje plaga han for mykje, så det utset eg endå ei stund.

Ellers har eg kome meg i ny vogn. D.v.s. at sportsdelen er på plass. Som tilbehør fekk eg ein ny flott vinterpose som eg kosar meg i. Når det gjeld transport, har pappen endeleg kjøpt seg bæresele. Til no har eg hengt med på rydd og vask (eg sovna). Mammo har og kjøpt eit nytt sjal.

Kveldsrutinane mine går og fint. Har flytta leggetidspunktet fram til klokka 2000. Greit nok, eg kan ikkje klokka enda uansett. Så lenge eg får grauten min er eg fornøyd. Et opp stort sett kvar kveld no. Er og blitt så kjekt å legga meg i ny sprinkelseng. Der har eg god plass, og det er ikkje sjeldan mammen og pappen finn meg opp ned nede i eit hjørne av senga. Litt uroleg er eg av og til, men eg jobbar hardt med å få fram to nye tenner. Pappen kjøpte tannkost, so no skal me i gang med "puss puss så får du ein suss", sweet!

Når me var på Voss sist var eg og ein tur på Hagahaugen og fekk plaska litt. Akkurat den kvelden var eg veldig trøyt, men det var kjempekjekt så eg gler meg til neste gong.

Når det gjeld motorikken så ar eg begynt å åma meg framover om underlaget tillet det. Ellers so er eg flink til å sitta når eg blir plassert slik, men eg er og flink til å ramla ned. Treng litt finjustering.

Eg skal og på min fyrste utanlandstur! Mammen og pappen har bestilt tur til London i begynnelsen av mars. Eg gler meg. See ya'll!


Tante Tina med litt gåtrening (for meg altso).


Pappen i gang med kveldsmating. Det er eit kjøkkenhandklede, eg er ikkje Arafat.


Je, her eg eg. Litt flytrening. Move along Anette Sagen!


Min fyrste telefon. Skal nett læra meg å snakka no, så blir det bra.


På tur med mammo og pappen i Svartediket i sportsdelen med ny pose.


Sjå, eg er so vaksen at eg kan gå med bukse!


Tanta Jorid forar meg med mango. Er ikkje feil det.


Damit! Eg må læra meg å åla meg litt lenger. Ganske høg rosa panter faktor.


So har eg lært meg å sitta litt.


Då er eg lagt for kvelden (ingen må tru at det ser slik ut kvar kveld eg må til sengs..)


Pappen på testtur med selen. Sjokk at det var inn til dataen..


Litt meir sittetrening. Endeleg kan eg ta i bruk den gode "dressen" eg fekk hjå Tante Jorid. Også i ny hue frå mormor for anledningen.

søndag 6. januar 2008

Mi fyrste jul!

Hei, her var eg igjen! No har det vore ei stund sidan sist, men eg har vore ganske travel. Til eldre eg blir, til meir lærer eg og kan bruka dagane på; då blir det mindre tid til blogging.

Sidan siste har eg gjennomført mi fyrste jule og nyttårs-feiring. Like før jul var eg på handlerunde med mammo og pappen. Eg fekk meg ny leikematte! Denne er plassert foran peisen, og her brukar mykje tid. Det var og handla inn ny stol. Den har eg byrja å bruke til bords når mamma og pappa et. Til deira store overraskelse sit eg eksemplarisk!

Julaftan vart feira på Mølster med bestemor, bestefar, tante Tina, oldemor Stefania, grandtante Julia, grandonkel Olav og grandtante Åse Torill! Eg kunne ikkje eta pinnakjøt, men eg fekk mykje fint i pakkene. Tusen takk til alle som gav meg so flotte pressangar!

Nyttårsaftan vart feire i kaldare omgivelsar på Mjølfjell med mormor, morfar, tante Guro og onkel Bjørn (og vetle minisøskenbarnet mitt som er på "vent"). Var ikkje på skitur denne gangen, men eg var ute i snøen for fyrste gang.

No er eg klar for 2008 og har mange målsettingar framover. Har f.eks begynt å eta graut, og mat skal det bli mykje av håpar eg (sjølv om mammo si mjølk er god). Skal og lera meg å krabba om ikkje lenge tenkte eg!


Ute i snøen med mammo.


Nyedressen var litt stor, så skigåinga må venta eit år.


I gang på leikematta; kjekkas i speiglet..


Leiking med pappen på golvet.


Meir leik på matta, er det vits å forstyrra meg med denne blitzen?


På plass i stolen, no problem!


Bading i stampen på Mølster. Akkuart liten nok til at eg sit sjølv og plaskar med armane.


Litt manko på skikkelege klutar, så det vart rense i vasken. Kjekkas i speiglet her og..


Konkurranse på leikematta..enn so lenge...


Eg vart plassert i ein påse, og eg må sei at det skjønte eg lite av.


Eg var klar, men "prikken" under meg vart litt redd når eg skulle til med rodeo-show.


Inne på rommet på hytta! Overtatt storesenga.


Leik med den "prisbelønte" leika eg fekk hjå mor og far.


Mitt fyrste måltid med graut.


Mamma på hjelpa meg med åpning av min fyrste julepressang.


Gjengen er samla for å feira julaftan.


Kosar meg på golvet.


Mormor og meg med kosestund på hytta!


Inn i kjolen for å feira nyttår.


Pappen poserer meg.


Senga mi på Mjølfjell fungerte veldig bra. No når eg har vokse ut av bagen måtte det nytenking til.