Sidan siste har eg gjennomført mi fyrste jule og nyttårs-feiring. Like før jul var eg på handlerunde med mammo og pappen. Eg fekk meg ny leikematte! Denne er plassert foran peisen, og her brukar mykje tid. Det var og handla inn ny stol. Den har eg byrja å bruke til bords når mamma og pappa et. Til deira store overraskelse sit eg eksemplarisk!
Julaftan vart feira på Mølster med bestemor, bestefar, tante Tina, oldemor Stefania, grandtante Julia, grandonkel Olav og grandtante Åse Torill! Eg kunne ikkje eta pinnakjøt, men eg fekk mykje fint i pakkene. Tusen takk til alle som gav meg so flotte pressangar!
Nyttårsaftan vart feire i kaldare omgivelsar på Mjølfjell med mormor, morfar, tante Guro og onkel Bjørn (og vetle minisøskenbarnet mitt som er på "vent"). Var ikkje på skitur denne gangen, men eg var ute i snøen for fyrste gang.
No er eg klar for 2008 og har mange målsettingar framover. Har f.eks begynt å eta graut, og mat skal det bli mykje av håpar eg (sjølv om mammo si mjølk er god). Skal og lera meg å krabba om ikkje lenge tenkte eg!
Ute i snøen med mammo.
Nyedressen var litt stor, så skigåinga må venta eit år.

I gang på leikematta; kjekkas i speiglet..

Leiking med pappen på golvet.

Meir leik på matta, er det vits å forstyrra meg med denne blitzen?

På plass i stolen, no problem!

Bading i stampen på Mølster. Akkuart liten nok til at eg sit sjølv og plaskar med armane.

Litt manko på skikkelege klutar, så det vart rense i vasken. Kjekkas i speiglet her og..

Konkurranse på leikematta..enn so lenge...

Eg vart plassert i ein påse, og eg må sei at det skjønte eg lite av.

Eg var klar, men "prikken" under meg vart litt redd når eg skulle til med rodeo-show.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar