onsdag 30. januar 2008

Eg, "egg", 6 mnd.

Hey hey!

I dag når eg skriv dette har eg vore på jorda i 6 månader. So langt ser det ut som ein heilt grei planet å bli født på.

Fyrst må eg nevna at eg no har fått meg ein søskenbarn. Gratulera tante Guro og onkel Bjørn! Eg har allerede vore på besøk, men legane råda meg til å ikkje plaga han for mykje, så det utset eg endå ei stund.

Ellers har eg kome meg i ny vogn. D.v.s. at sportsdelen er på plass. Som tilbehør fekk eg ein ny flott vinterpose som eg kosar meg i. Når det gjeld transport, har pappen endeleg kjøpt seg bæresele. Til no har eg hengt med på rydd og vask (eg sovna). Mammo har og kjøpt eit nytt sjal.

Kveldsrutinane mine går og fint. Har flytta leggetidspunktet fram til klokka 2000. Greit nok, eg kan ikkje klokka enda uansett. Så lenge eg får grauten min er eg fornøyd. Et opp stort sett kvar kveld no. Er og blitt så kjekt å legga meg i ny sprinkelseng. Der har eg god plass, og det er ikkje sjeldan mammen og pappen finn meg opp ned nede i eit hjørne av senga. Litt uroleg er eg av og til, men eg jobbar hardt med å få fram to nye tenner. Pappen kjøpte tannkost, so no skal me i gang med "puss puss så får du ein suss", sweet!

Når me var på Voss sist var eg og ein tur på Hagahaugen og fekk plaska litt. Akkurat den kvelden var eg veldig trøyt, men det var kjempekjekt så eg gler meg til neste gong.

Når det gjeld motorikken så ar eg begynt å åma meg framover om underlaget tillet det. Ellers so er eg flink til å sitta når eg blir plassert slik, men eg er og flink til å ramla ned. Treng litt finjustering.

Eg skal og på min fyrste utanlandstur! Mammen og pappen har bestilt tur til London i begynnelsen av mars. Eg gler meg. See ya'll!


Tante Tina med litt gåtrening (for meg altso).


Pappen i gang med kveldsmating. Det er eit kjøkkenhandklede, eg er ikkje Arafat.


Je, her eg eg. Litt flytrening. Move along Anette Sagen!


Min fyrste telefon. Skal nett læra meg å snakka no, så blir det bra.


På tur med mammo og pappen i Svartediket i sportsdelen med ny pose.


Sjå, eg er so vaksen at eg kan gå med bukse!


Tanta Jorid forar meg med mango. Er ikkje feil det.


Damit! Eg må læra meg å åla meg litt lenger. Ganske høg rosa panter faktor.


So har eg lært meg å sitta litt.


Då er eg lagt for kvelden (ingen må tru at det ser slik ut kvar kveld eg må til sengs..)


Pappen på testtur med selen. Sjokk at det var inn til dataen..


Litt meir sittetrening. Endeleg kan eg ta i bruk den gode "dressen" eg fekk hjå Tante Jorid. Også i ny hue frå mormor for anledningen.

Ingen kommentarer: