I påsken var eg både på Voss og på Mjølfjell. Det var litt tidleg for at eg kunne gå på ski sjølv, men eg var likevel med på fleire skiturar. Det var litt tungt å ha mammo og pappen hengande på magen til tider, men stort sett gjekk det bra.
Det var og ein trist hedelse denne påsken. Oldemor gjekk dessverre bort fyrste påskedag. Ho fekk heldigivs mange gode år og eg er veldig glad for å ha fått ei tid saman med ho.
På matfronten er eg blitt meir og meir allsidig. Nye tenner har gjort at eg kan handtera dei fleste utfordringar på det området. Men, graut til morgon og kveld er likevel favoritten. Mamma og pappa er og veldig fornøyd med dei nye søvnrutinane mine. No blir eg lagt halv åtte, og då held eg meg i ro til mellom seks og halv åtte på morgonen. Så styrer eg på eit par timar, før eg tar meg eit par timar på puta att.
Me var og på Voss for eit par veker sidan, og endeleg fekk eg forsøkt den mykje omtala stampen heime hjå bestemor og bestefar. Full fres og nærmare 40 grader gjorde at eg kom i sydenstemning. Eine dagen med bestefar og pappen, og andre dagen med mammo. Eg er klar for meir! Pappen meinte og at eg satt ny rekord i bleieinnhald denne turen. Litt spredt ut frå hæl til nakke, eller ca. 40 cm var ein god dag på jobben.
Då er eg klar for ein tur ut å nyta det fine været i Bergen, snakkes!
Sovna i "hjelpemiddelsentralen"
Nyter dagen i solveggen med mine feite solbriller
På skitur med mamma, tanta Guro og Lukas
"Søskenbarngjengen" på skitur. Nei, det er ikkje endå eit søskenbarn på gang, men Brage som ligg godt innpakka.
Av og til er eg ganske glad!
Pappen har kome til Mjølfjell, og eg er ute for å helsa på.
På skitur innover Rjonadalen.
Mango er godt, og eg er med heile ansiktet!
Slektstreff hjå bestemor og bestefar. Her er det eg, mammog og Lin som er i fokus.
Brede i full gang med å aktivisera "gjengen the band".
Stilt opp på rekke. Som de ser tar eg ein siste oversikt over situasjonen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar